hp%2030%20aar

JUBEL Harding Puls 30 år

Kunsthuset Kabuso 4. mai til 2. juni 2024
HISTORIKK  Våren for 31 år sidan tok nokre kunstnarar initiativet til eit seminar på Sandven Hotel i Norheimsund. Det vart startskotet for den tverrfaglege kunstnarorganisasjonen Harding Puls som formelt vart skipa 6. november 1993 på Utne Hotel.
Harding Puls har sidan arbeidd for å styrke og synleggjere profesjonelle kunstnarar som bur i Hardanger eller har hatt sin oppvekst her eller ein annan særs spesiell tilknyting til regionen.
Harding Puls har mellom 60 - 70 medlemmer. Fleire av kunstnarane har vore med  frå starten av, mange har kome til gjennom åra og nokre har flytta. Deira kunstnarlege verksemd er synleg både i regionale, nasjonale og internasjonale samband, gjennom ulike fasar.

VERKSEMD Harding Puls har gjennomført mange felles kunstprosjekt som har skapt nye utfordringar og auka kompetansen til kunstnarane. Det har og medverka til å fremje ein levande og dynamisk kunstscene i regionen, samtidig som det  har skapt trivsel og inspirasjon til samarbeid mellom kunstnarane. 

30-ÅRS-JUBILEUM med “JUBEL”. Feiringa av den solide milepælen på 30 år med aktivt arbeid for kunsten vert markert med utstilling, musikalsk opningsprogram og konsertar.  Gjennom å lyfte fram eit breitt spekter av uttrykk, syner Harding Puls sitt engasjement som ein kulturell pådrivar i Hardanger  for kunstnarleg utvikling og kulturelt mangfald. 

UTSTILLING. Juryen, med Sissel Lillebostad frå Kabuso samt Aud Bækkelund og Tord Torpe frå Harding Puls, har stått for den kunstfaglege utvelginga og kurateringa av utstillinga.
Utstillinga viser eit rikt mangfald av visuelle uttrykk skapt av 26 medlemmer  Det spenner frå fargerike landskap til abstrakte uttrykk. Frå humor til alvor. Frå handfaste materiale som maling, tekstil med meir til det digitale uttrykket gjennom video og animasjoner. 

“Kva inspirerer ein kunstnar?Me siterer frå Arnhild Litlerè sin tekst i HP katalogen frå 2019: 
“Det kan vera alt, absolutt alt. Det er umogeleg å sei kva som er den første bevegar. Det kan for eksempel vera ein blyantstump som ingen ser seg mon i, noko rask som er kasta, eit krølla glanspapir. Eller det kan vera Folgefonna, fjella, fjorden, ein setning nokon sa, eit andlet du berre gjekk forbi. Alt saman er brotstykke frå våre liv som vert sett saman igjen til nye bilde. Det er i livet vårt essensen vert trekt ut, og nye bilete, songar, tekstar vert skapt slik at nye puslespelbetar vert lagt til det store bildet. Det er viktig at nokon skapar desse bilda, forfattar den boka, lagar den filmen, målar det måleriet, komponerer den musikken, slik at vi kan gjenkjenne oss sjølve i oss sjølve…. eller rett og slett gå på besøk i heilt nye landskap.” 

Me avsluttar med endå eit sitat frå Arnhild Litlerè sin tekst i Harding Puls katalogen frå 2019:
“Kultur er ikkje noko ein kan vedta på eit styremøte. Kultur må levast og skapast av menneske. Kunsten er eit felles samfunnsgode, som me alle skal kunne nyte godt av uavhengig av sosial og økonomisk bakgrunn. Difor har vi også eit felles ansvar for å ta vare på den og for å byggje den norske kulturarven vidare.”
“Distrikta kan også vera med å forma kulturen i landet, og ikkje alltid la  byane vera dei førande og gje dei gjeldande retningslinjene.” 

Harding Puls saman med Kabuso  ynskjer publikum velkomne til å oppleve "JUBEL - Harding Puls 30 år" og dykke inn i det rike kulturlandskapet Harding Puls tilbyr. 
 
20.04.2024