Solfrid Aksnes

BILETKUNSTNAR

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Grafikk og collage

Solfrid Aksnes uttrykkjer seg i fleire teknikkar. I den seinare tid har ho gått tilbake til grafikken, og spesielt tresnittet, der utforsking av fargane og flatene spelar ei viktig rolle for ho. Naturen og formasjonane i landskapet som ho ferdast i gjev impulsar og inspirasjon. På ei todimensjonal flate fangar ho inn inntrykka mens ho prøver å fylgje sin eigen intuisjon og lar bilete utvikla seg vidare. 
Som oftast jobbar ho i seriar. Fleire bilete kjem gjerne opp samtidig eller eit bilete kan utløyser det neste. Resultatet kan kome fort, andre gonger tar det år før bileta fell på plass.


Aksnes har leia mange av kunstprosjekta som Harding Puls har sett i gang og har opparbeid ei lang erfaring med både utvikling og administrasjon av prosjekt med mange kunstnarar involverte. Ho gjekk av som leiar for Harding Puls i 2020 og har etter det fått konsentrert seg fullt og heilt om eige arbeid.

UTDANNING
2007              Kurs i leiing av kunstprosjekt i offentleg rom, KHIB og KORO
1974 - 1978  Kunstakademiet i Trondheim og i Bergen
1973 - 1974  Kunstskolen i Trondheim


 

Galleri

Solfrid Aksnes. Foto: Agurtxane Concellon

Oppdrag

UTSTILLINGSDESIGN
Solfrid Aksnes har brei erfaring med utstillings-
design og kan ta på seg ulike oppdrag.

 
 

Kontakt

Solfrid Aksnes
Vikøyvegen 408
5600 Norheimsund


Tlf: (+47) 476 01 056
solfrid.aksnes@gmail.com

Klikk her for å lesa CV