TOPP_JohildMaeland

2006 - KUNSTEN og BÅTEN. Utstilling på Hardanger fartøyvernsenter.

28. mai  -  3. september 
Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.


Det andre året av prosjektet Kunsten og båten utfordra me 5 biletkunstnarar og kunsthandverkarar frå Hardanger til å fordjupe seg i tema båt.
Utstillinga opna til sesongopning for Hardanger Fartøyvernsenter, med musikalsk innslag av Arild B. Nielsen m. fl. Kunstnarane held ei omvisning for eit 30-tals tilhøyrarar som fylgde med på runden i utstillinga.
 
I kafeen viste me:

Synneva Heradstveit, frå Kvam
Synneva er ein av dei få i Noreg som uttrykkjer seg hovudsakleg i akvarellteknikk. Ho seier sjølv: ”Akvarell er
for meg farge, vatn, flyt og forenkling”.
 
På reiparbana viste me:

Torunn Øvsthus, frå Kvam
Torunn sine koppar og kar og mugger er godt
kjent. Til denne utstillinga har ho gått utover dei funksjonelle              
formene. Hennar keramiske båtar sjarmerte publikum.
 
Kristi Skintveit frå Jondal
I dei seinare åra har Kristi gjort eit stort arbeid med å dokumentera dei gamle nappaåkleda som også vert kalla båtryer. Desse har inspirert ho til nye vevnadar som ho
viste i denne utstillinga
 
Johild Mæland frå Ullensvang
Johild er biletkunstnar og dekormalar. Eldre folkekunst og
samtidskunst er begge delar hennar inspirasjonskjelde for
arbeid med maleri. I maleria til utstillinga tok ho utgangspunkt både i temaet og den plasseringa ho fekk på reiparbana i samband med Fartøyvernsenteret sine                           
antikvariske båtar.                                                                                                 
 
Svein Nå, frå Ullensvang
Som biletvevar er Svein frigjort og nyskapande. Han arbeider ut i frå tradisjonelle vevteknikkar, men i sitt eige minimalistisk formspråk. Svein sitt materiale er tvinna ull, men like ofte brukar han plastikkremser til innslag. Vevnadane vert også til skulpturelle former som han viste på utstillinga.