1a_installasjonAudBaekkelund-under-solfrid-merethe-odveig

2012 - ORD - KUNSTVANDRING. Harding Puls med opplesingar, kunstinstallasjonar, og musikk på Fykse

Samarbeid mellom Harding Puls og Fykse Landskapspark.

Fykse Landskapspark ba Harding Puls på nytt å skapa kunst i landskapet på Fykse. Me inviterte forfattar Odveig Klyve, som vaks opp i nabogrenda, som hovudkunstnar i prosjektet. Hennar dikting var inspirasjonskjelda til dei andre kunstnarane som deltok.

Kunstvandringsløype frå Fykse mot Brunnen.
Post 1: Åtte skilt med dikt og foto av Odveig Klyve var plassert ulike stader langs løypa .
 
Post 2: Korte poesifilmar og plakatar som Odveig Klyve og Kari Klyve-Gulbrandsen har laga med poetar frå andre land. Gjekk i loop i gymsalen på skulen
 
Post 3: Skodespelar Arnhild Litlerè og musikar Arvid Aasprang
Les dikt av Odveig klyve med tonefylgje.
 
Post 4: Aud Bækkelund sin kunstinstallasjon Ei strofe av ein større song inspirert av Odveig Klyve si diktsamling ”Det andre blikket”
 
Post 5: Opplesar Merethe Gauden les Odveig Klyve sine dikt
 
Post 6: Anne Sofie Soldal sin kunstinstallasjon inspirert av O. Klyve
 
Post 7: Joy Kvamme sin kunstinstallasjon inspirert av O. Klyve
 
Post 8: Aud Bækkelund sin kunstinstallasjon Fargen i latteren din.
 
Post 9: Simone Hooymans sin performance inspirert av O. Klyve
Å grublemor grovbrødmor
 
Post10: Solfrid Aksnes sin kunstinstallasjon inspiret av Odveig Klyve sitt diktsamling Mellom måne og jord.
 
Post 11: Koret Volve Vokal syng nykomponert musikk av Tine Grieg Viig til diktet ”I” frå diktsamlinga ”Lyden av sol” av Odveig Klyve.