6_Segl-i-%20Eidfjord

2005 - KUNSTEN og BÅTEN. Akvarellundervisning for skuleelevar ombord på hardangerjakta S/J Mathilde.

9. oktober - 3. november
Samarbeidsprosjekt mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.

 
Akvarellverkstaden Kunsten og båten var det andre undervisningstoktet me kunne tilby gjennom det to-årige samarbeidet mellom Harding Puls og Hardanger Fartøyvernsenter.
Alle 5. og 6. klassane i Hardanger fekk tilbodet i 2006. Hardangerjakta S/J Mathilde fungerte igjen som arena.
 
Kunstnaren Solfrid Aksnes sto for undervisninga i akvarellteknikk med utgangspunkt i Synneva Heradstveit sine akvarellarbeid. Elevane fekk prøva seg med skikkelege akvarellfargar på godt eigna papir. Inspirert av båten og av naturen rundt vart det mange flotte resultat og ikkje minst ei ny erfaring med ”vatn” fargar, for dei fleste.
 
Dei fleste skulane tok tilbodet inn i deira satsing på Den Kulturelle Skulesekken.                                                
Til saman 265 skuleelevar fekk vera med ein dag på undervisningstoktet.