1b_SveinNaa

2006 - MAT- og KUNSTFESTIVALEN i Rosendal. Harding Puls med kunstinstallasjonar.

Rosendal 6. - 7. juli
 
Styret for den nystarta Mat- og Kunstfestivalen i Rosendal hadde lagt merke til at Harding Puls kunstnarar hadde deltatt med kunstinstallasjonar på STREIF i Ullensvang i 2005. Dei inviterte Harding Puls til å skapa noko til det fyrste året av festivalen deira.
 
Sju kunstnarar meldte seg interesserte. Tema var opent. Nokre av kunstnarane valte å ta tak i  tema som hadde med mat å gjera, andre ikkje.
 
Desse kunstnaren deltok:
Ingerid Jordal               - bildespel  ”Tre netter” inne og eit plakatprosjekt ute.
Svein Nå                       - installasjon ute, ” røde stenger”
Solfrid Aksnes              - små fotomontasjar planta i blomsterbedd, ”Frukost i det grøne”
Johild Mæland            - strengskulptur ute,  ”Roser i streng”
Arne B. Mælen            - skulptur ute, ”Prøv deg”
Anna Stina Næss         - installasjonar ute, ”Gå rundt grauten”,” Trakka i salaten”, ”Gå i frø”
Anne Hesvik Kartveit   - utstilling inne i ein lagerbygg på festivalplassen. Dekor på tre.