2016-Tingingsverket%20Planting

2016 - Urframføring av Tingingsverket Planting i Galleri Puls

Tingingsverket  Planting

v/ komponisten Knut Vaage

Musikkstykket Planting var bestilt av Harding Puls til treskulpturen med same tittel, Planting, av finske Jaakko Pernu, som sto på Straumhaugen i Norheimsund frå 2014 - 2020. Både skulpturen og tingingsverket var ein del av prosjektet Mellom himmel og fjord. SJÅ! - Kunstlandskap Hardanger.

Knut Vaage skriv:
"Møte med skulpturen skapte eit ynskje om å fokusera på det organiske, og klangar som knyter oss til natur og det opphavlege. Tanken gjekk mot den stadige syklusen av vokster og nedbryting i naturen. Impulsar frå eskimoisk musikk og frå urfolket i Australia er brukt som utgangspunkt for improvisasjon, og vidare kopla til vår eigen folketradisjon, sett saman med moderne ny musikk. I prosessen har det vore tett dialog mellom komponist og kvar enkelt musikar for å utvikla kvar stemme for seg for deretter å få sin plass i verket. Det sterke innslaget av improvisasjon gjer kvar framføring ulik."

Planting vart urframført på Galleri Puls i Norheimsund 8. mai 2016.

Musikarar som deltok var:
Reidun Horvei
Silje Hveem
Arild B. Nielsen
Benedicte Maurseth
Geir Botnen.
Knut Vaage, komponist og dirigent.
 
Stykket fekk støtte frå Det Norske Komponistfond.