7e_PeterSouthall

2005 - KUNSTEN og BÅTEN. Workshop "Frå vrak til kunst".

Hardanger fartøyvernsenter 23. – 27. mai
Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.


Biletkunstnarar og kunsthandverkarar fekk i oppgåve å lage eigne kunstuttrykk der gjenbruk av gamle materialar frå båt var sjølve temaet. Dette materialet har gjennom sin tidlegare bruk vore viktig i oppbygginga av våre kystnære byer og bygder. Kunstnarane skapte dette om og gav det nytt liv i form av kunstverk.
 
Som inspirator og leiar for workshopen hyra me inn skulptør og professor på Kunsthøgskulen i Oslo, Axel Tostrup. Han hadde med seg assistenten sin, Fredrik von Hanno.
 
Workshopen fekk ein ”pangstart” som samla dei tilsette på fartøyvernsenteret og workshop- deltakarane. Eit båtvrak vart ved hjelp av ein mobil krane heist opp og slept ned frå ca. 10 meters høgd. Kunstnarane gjekk med det same i gang å leita i vrakdelane frå båtsleppet og i vrakhaugen som var samla saman på førehand.
Arbeidsarenaen var hovudsakleg uteområdet til Hardanger Fartøyvernsenter. Eit par av kunstnarane nytta seg av riggeloftet og av snikkarverkstaden. Nokre nytta seg også av smia.

I møte mellom kunstnarane og dei ulike fagfolka og handverkarane på museumsverftet vart dette ei veke med utruleg mykje energi. Temaet om kunst, og ikkje kunst og om handverk og kunsthandverk, vart flittig debattert kringom alle avdelinger på senteret.
 
Til saman var det 14 deltakarar, fordelt på 3 kunstnarar frå Hardanger, 9 kunstnarar frå andre stader i landet, 1 møbeldesigner frå England og 1 båtbyggjar frå fartøyvernsenteret.