Om Harding Puls

Harding Puls er Hardanger sitt tverrfaglege kunstnarforum. Ei stor gruppe kunstnarar og kulturformidlarar er representerte i forumet. Me arbeider profesjonelt på mange nivå i det lokale, nasjonale og internasjonale kulturlivet. Fellesnemnaren for oss medlemmene er tilknytinga til Hardanger, anten ved at me bur og arbeider her, eller ved at me har hatt oppveksten vår i regionen.
Forumet formidlar informasjon om og kontakt med medlemmene. Eit av hovudmåla er å auke bruken av kunst og kunstfagleg kompetanse i samfunnet.

Me er ansvarlege for mange spanande kunst- og kulturarrangement både i eigen regi og i nært samarbeid med andre institusjonar innan kultur-, næring- og reiseliv. Dei ulike prosjekta gjev utfordringar for dei skapande og utøvande kunstnarane, og fører til opplevingsrike møte mellom kunstnarane og publikum.

Me har gitt ut fire kunstnarkatalogar. Harding Puls gjer kunstnarane frå Hardanger synlege og er såleis også ein positiv ambassadør for Hardanger.


Sidan Harding Puls vart stifta i 1993, har me skapt eit unikt miljø på tvers av faggrenser og fjordlandskap. Nettverket er ein viktig faktor for trivsel og inspirasjon. Ved sida av samarbeid i ulike prosjekt samlast medlemmene til Hardingpuls-ting med kreativ idédugnad og fagleg påfyll ein gong i året.

Forumet er i god utvikling, ideane er mange og aktiviteten stor. At nye og yngre kunstnarar ynskjer å knyta seg til, lovar godt for framtida. Dei som vil søkja medlemskap finn søknadsskjema på denne sida. Sjå søknadsskjema.

Ungdommar frå Hardanger som tek høgskuleutdanning eller går i lære innan våre fag, har høve til å søkja studentmedlemskap. Sjå søknadsskjema