2d_kunstnarhesa

1999 - Stor HARDING PULS-markering på Hardanger folkemuseum

Utne,  4. juli - 30. september

Hardanger folkemuseum inviterte Harding Puls til ei stor markering hjå dei, med utstilling, konsertar og opplegg for skuleelevar.

Ute vart det laga ei kunstnarhes av Bjørn B. Pedersen, Arne B. Mælen, Svein Nå og Anke Puck.
Inne viste me ei stor utstillinga med eit stort antal kunstnarar.
 
Opningsdagen
Konsert i Utne kyrkje med mange av musikarane i regionen. Etterfylgd av prosesjon bort til Hardanger folkemuseum. Fyrste stopp var ute ved Kunstnarhesa med opningstale. Deretter opning av utstillinga med 37 kunstnarar i storsalen på museet 
 
Undervisningsopplegg
Mange skuleklassar i Hardanger fekk høve til å møta kunstnarane i eigne opplegg i utstillinga eller andre stader på museet. 12 skular deltok med 27 grupper.
 
”Hanen i hesa” fekk Bergens Tidende til å kome til Utne.
Ein død kylling som vart hengt opp høgt over kunstnarhesa skapte debatt om respekten for eit dødt dyr. Debatten vart fanga opp av BT. Fyrst då vart prosjektet vårt på Utne interessant nok for avisa.
 
Ca 4000 besøkte utstillinga i perioden.