3_SveinNaa

2008 - HT08. Harding Puls med vandreutstillinga "INSPIRERT av Olav H. Hauge og Geirr Tveitt" og opningsprogram.

Harding Puls engasjerte seg i Hauge-Tveitt jubileet 2008. Mange musikarar og skodespelarar begynte tidleg å tenkja på kva dei ville gjera i jubileumsåret for Olav H. Hauge og Geirr Tveitt.

Me hadde idear og ansvar for 4 konsertar, 2 poesi- og musikkprogram, 2 kunstutstillingar og 1 førestilling for skuleelevar. To konsertar var i Sjømannskyrkja i New York. ein i Haugesenteret i Ulvik og ein i galleri Puls i Norheimsund. Poesiprogramma var på Agatunet og i Galleri N. Bergslien i Eidfjord. Ei utstilling vandra i Hardanger og ei utstilling vart vist i Trygve Lie Gallery i den norske Sjømannskyrkja i New York og vart sendt vidare til Den Norske Ambassaden i Seoul i Sør Korea.

Vandreutsillinga i Hardanger var Agatunet sin sesongutstilling før den vart send vidare slik som vandreruta under viser.
 
Agatunet              10. mai. - 17. aug       ( Sesongutstillinga)
Eidfjord                21. aug. - 14. sep        (Galleri N. Bergslien) 
Ulvik /Osa            19. sep. -  01. okt        (i samband med Poesifestivalen)
Odda                    05. okt. - 12. okt         (i samband med Litteratursymposiet
Norheimsund       18. okt. -  08. nov.       (Geirr Tveitt sin fødselsdag 19.okt )

Katalog
Det vart laga felles utstillingskatalog til utstillinga i New York og til vandreutstillinga i Hardanger.

Kunstnarane som deltok:
Anne Hesvik Kartveit
Jorunn Hanto-Haugse
Randi Sandven Skeie
Synneva Heradstveit 
Aud Bækkelund 
Els Geelen
Svein Nå
Kristi Skintveit
Solfrid Aksnes
Kwestan Jamal Ali 
Liv Eirill Evensen
Ingunn van Etten
Audun Storaas 
Lars Gunnar Polden (var med i Osa)