1a_10Aars-jubileum_LensmannsbetjentMagne%20Straumstein-ReidunHorvei-GeirBotnen

2003 - 10-ÅRS-JUBILEUM for Harding Puls med katalogslepp.

Norheimsund og Utne 8. november.

Katalogslepp i Norheimsund
Tre kanonsaluttar ute i Grova markerte starten på Katalogsleppet og 10-års jubileet for Harding Puls. Lensmannsbetjent Magne Straumstein, i full uniform, sto for avfyringa. Reidun Horvei som utropar og Geir Botnen på signaltrompet hadde ein humoristisk og dramatisk regi på hendinga. Publikum strøymde til, både dei nysgjerrig handlande og dei som hadde planlagt å møte opp.
 
Etter dette inviterte me publikum inn på Sandven Hotel til kaffi, jubileumskake, musikalske innslag og katalogen Harding Puls 25. Knut Hamre, på hardingfele, spelte folk inn i spisesalen. Leiar i Harding Puls presenterte den nye katalogen og overrekte den til ordføraren i Kvam, Astrid Selsvold, med takk for god støtte frå kommunen gjennom 10 år. Støttespelarar til katalogen fekk og kvar sitt eksemplar. Reidun Horvei las Frode Grytten sitt stykke BLOND frå katalogen. Geir Botnen på flygel og Rut O. Rasmussen på bratsj gav publikum ein heil liten konsert.
 
Det var naturleg å starta markeringa av jubileet på Sandven Hotel. Det var her på den fyrste samlinga at eit eige kunstnarforum i Hardanger vart drøfta. Sjølve stiftingsmøtet var lagt til Utne Hotel midt i Hardanger.
 
Jubileumsmiddag på Utne Hotel
laurdag kveld 8. november, for medlemer og gjester.
Jubileet vart igjen markert med tre kanonskot, denne gongen utanfor Tingstova på Utne.
Medlemer og gjester var samla i den restaurerte Tingstova før spelemannen Knut Hamre førde forsamlinga over til spisesalen på Utne Hotel. Reidun Horvei, kjømeister for kvelden, losa festlyden gjennom jubileumsmiddagen. Ein nydelig jubileumsmeny frå kjøkkenet vart krydra med jubileums-kvad av Reidun og ein jubileums-allsong bestilt frå Olav Skeie Lid. Opphavsmann og fyrste leiar i Harding Puls, Bjørn Br. Pedersen held hovudtalen. Neste talar var dagens leiar, Solfrid Aksnes. Takk-for-maten-talen var det Harald Jordal som fekk æra av å halde. Han var Harding Puls sin støttespelar i Odda. Vår fyrste medhjelpar Olav Johannes Skeie, viste eit videoinnslag frå stiftinga av Harding Puls på Utne Hotel i 1993.