b%C3%A5t%20Stig%20Tronvold

2005 - KUNSTEN og BÅTEN. Fotoutstillinga "Auga som ser" og opning av prosjektet Kunsten og Båten.

Hardanger fartøyvernsenter 29. mai - 31. august.
Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.


Våren/sommaren 2004 inviterte me 4 fotografar til å fordjupe seg i tema båt med utgangspunkt i Hardanger Fartøyvernsenter. Målet for oppdraget var ei fotoutstilling med tittelen ”Auga som ser” der tema var relatert til staden utstillinga skulle visast.
 
To av fotografane skulle vera frå Hardanger og medlemer i kunstnarforumet Harding Puls og 2 fotografar skulle vera utanfrå.
 
Fotografane som fekk oppdraget var:
Olav Bjørkum frå Harding Puls.
 Stig Tronvold frå Harding Puls.
Line Olaisen frå Bergen.
Øyvind Johnsen frå Bergen (video)

 

OPNING av prosjektet KUNSTEN og BÅTEN, søndag 29. mai.

 
Skodespelar Arnhild Litlerè hadde sett saman eit fint program av lyrikk og poesi som ho framførte med tonefylgje av musikarane Arild B. Nielsen på trompet og Sigmund Vik på bass.
 
Prosjektet Kunsten og båten vart offisielt opna av direktøren for ABM-utvikling, Jon Birger Østby som støtta prosjektet med ein god sum. Frå Hardanger fartøyvernsenter helsa Heidi Richardson og Solfrid Aksnes og Joy Kvamme takka for samarbeidet.
 
Vidare var det opning av fotoutstillinga Auga som ser, workshop-utstillinga Frå vrak til kunst med utdeling av blomar til dei deltakarane som var til stades på opninga.
 
Sesongopning 2005 for Hardanger Fartøyvernsenter var og ein del av denne opninga. Merethe Gauden hadde program for born i museumsutstillinga.
 
Over 300 besøkande var innom Hardanger Fartøyvernsenter på opningsdagen.