KUNSTUTSTILLING%20%C3%85SEBERIT%20SKEIE%20ULLTANG

Utstilling og heilaften på Hardanger kulturgalleri

"NÆRVÆR" av Åse Berit Skeie Ulltang opnar 1. august.
1. august kl 18 opnar Åse Berit Skeie Ulltang si andre separatutstilling i Hardanger denne sommaren. Hardanger kulturgalleri inviterer til ein heilaftan. Det vert musikalsk innslag av Rushana Brandanger, og frå kl 19 og utover kvelden vert det mat, meir musikk, open bar og lystig lag.

Til denne utstillinga viser skeie Ulltang både fargerike collage, samt svart/kvitt bilete laga av hanji, rispapir og blekk.

«NÆRVÆR»: Nærvær handlar om å vere til stades, å sanse, og å vere merksam på det som skjer, her og no. Det handlar både om meditativ merksemd, å vere bevisst tilgjengeleg og merksam på det som skjer med meg, og i meg frå augneblink til augneblink. Og det handlar om aktiv merksemd retta mot relasjonar som pregar kva val og åtferd eg tek i situasjonen. Det dekkjer ikkje berre innsikt og rasjonell tenking, men og sansing, kjensler, fantasi og kroppslege uttrykksmåtar.
Åse Berit Skeie Ulltang (f.1964) jobbar med collage og akrylmåleri. Ho har budd mange år i Sør-Korea, noko som gav innblikk i og kunnskap om nye materiale og teknikkar. Handlaga koreansk papir, hanji, har heilt særeigne kvalitetar når det gjeld tekstur, styrke og farge. Gjennom kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir, og kurs i å lage bruksgjenstandar av hanji, vart Skeie Ulltang kjend med eit materiale som tiltalte henne spontant. Det koreanske papiret er laga av den inste barken på koreansk morbærtreet, og står i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Det heiter at silke kan vare i 500 år, mens hanji varer i 1000 år. Framleis er det nokre få koreanarar som tek vare på denne handverkstradisjonen , og for Skeie Ulltang er eitt ark hanji eitt kunstverk i seg sjølv. Det er med stor respekt ho nyttar papiret i sine collage og måleri.
28.07.2020