Fjell%20til%20nettsida

Solfrid Aksnes opnar utstilling i Gunnar S. Galleriet i Høyanger frå 4. september til 20. oktober 2025.

Ho vart tildelt Gunnar S. - stipendet frå Høyanger Kunstlag i 2024.
Med stipendet som vart tildelt hausten 2024 fylgde det med eit 10 dagars opphald i Høyanger og høve til å stille ut i 2025. 

Utstillinga inneheld bilete som er inspirert av opplevingar av ulike motiv i forhold til vær, lys, og sjølvsagt naturen tett på under opphaldet. Tresnittet er hoverteknikken ho nyttar for å utrykkje seg. Ein teknikk som treng tid og planlegging.
I utstillinga i Høyanger viser ho også tidlegare arbeid inspirert av den vestlandske naturen.
 
 
27.08.2025