2-boka%20framside

Boka Mellom himmel og fjord. SJÅ! er like aktuell i år som i fjor.

Tekst redigert 12.11.18

Boka Mellom himmel og fjord. SJÅ! er i sal hjå bokhandlarar, musea og galleria i Hardanger.
Den er og å få kjøpt på KODE og på  KRAFT i Bergen samt og i Kunstgarasjen.
De finn den og hjå: 
Coop Jondal
Landhandleriet i Herand
Kulturgalleriet på Mælen
SPAR i Kinsarvik
Handelslaget i Ulvik
Med fleire....
 

Harding Puls har saman med SKALD forlag laga denne praktbok om alle dei 55 kunstverka som vart skapt utandørs langs vegen til Mælen i Herand, på museumsområde på Utne, ned til Hardangerbrua på Bu og i Norheimsund i 2014 til 2016.

Det er fyrste gong det er laga bok som viser samtidskunst ute i det hardangerske landskapet, - dette landskapet som gjennom nasjonalromantikken vart eit ikon for den norske identiteten.

I kunstprosjektet, med same tittel som boka, inviterte Harding Puls kunstnarar frå heile Norden til Hardanger. Inspirert av naturen og kulturen, men og av globale hendingar skapte dei sine kunstverk her saman med kunstnarane i Hardanger.

Kvart kunstverk er presentert med to oppslag med unntak av nokre få som har fått eit oppslag. Den kjende fotografen Oddleiv Apneseth står for dei fleste av fotografia.
I tillegg til alle dei flotte fotoa av kunstverka har kunsthistorikar Synnøve Marie Vik skrive ein interessant artikkel der ho mellom anna dreg linjer til Hardanger som ikon i nasjonalromantikken.
 
Kjell-Erik Ruud har skrive om eit verk som ikkje vart realisert.  Den entusiastske journalisten i Hardanger Folkeblad, Mette Bleken, har skrive frie assosiasjonar og tankar til kunstverka.
 
Simone Hooymans har vore designar for boka.
Redaksjon: Aud Bækkelund og Solfrid Aksnes
 
Sjå nokre eksempel på oppslag i boka.
 
24.11.2017