CM0A9675-mindre

Oppstart av ARVESYLV 1. mars

Velkomen til starten på ein forfallsprosess.
1. mars kl 13 vert eit fullt fungerande piano sett ut ved fjorden i Eidfjord sentrum. Her skal det stå i eit år i vær og vind.

Pianoet vert frakta ned til sentrum på ein traktor, og vi trur det er verdt å sjå på! Ordførar Anders Vatle stiller med eigen traktor for anledninga.

Stuntet er ein del av kunstprosjektet ARVESYLV, som skal dokumentera prosessen til eit piano som vert kasta. Kvar dag ligg fleire hundre piano ute på finn.no under “gis vekk”. Kva seier det om vårt samfunn i dag at fullt spelbare praktinstrument vert kasta? I løpet av eit år kan både naturkrefter og menneskeleg hærverk setja sine spor. I løpet av året skal nedbrytinga dokumenterast gjennom foto, film og lydopptak. 
Prosjektet er ein del av kunstnargruppa Harding Puls si nye storsatsing Fjord Pianorama.

VELKOMNE TIL EIDFJORD 1. MARS KL 13!

Oppstart ved Samfunnshuset, Skulevegen 6, 5783 Eidfjord. 

her stroppar vi pianoet på traktoren og starter turen ned mot fjorden. Pianoet vert plassert nede ved fjorden attmed riksveg 7 ca kl 1330.

SMITTEVERN:
Arrangementet føregår utandørs med god plass, og det vil truleg vera greit å halda ein meters avstand. For sikkerhets skuld rår vi publikum å ta med munnbind.


 
23.02.2021