felieke3

Felieke van der Leest stillar ut på Tekstilindustrimuseet

"Tekstile smykke-eventyr" er opna i Salhus.
Smykkekunstnar Felieke van der Leest si utstilling "Tekstile smykke-eventyr" opna på Tekstilindustrimuseet i Salhus 17. oktober og er open til 13. desember.

Museet skriv:

Her møter du underfundige karakterar frå dyreriket ikledd dei vakraste gevantar. Kunstnaren viser utsøkt handverk innafor eit breitt felt, der edle og uedle materialer vert kombinerte til unike smykker og uttrykk.

Van der Leest nyttar i tillegg mange tekstile teknikkar, som t.d. strikking/hekling/perlebroderi, i arbeida sine. Kunstverka er med sine titlar fulle av fantasi, poesi, humor og alvor.

Les meir om utstillinga og museet sine opningstider HER.
21.10.2021