ninabang1

Nina Bang Larsen på Tekstilindustrimuseet

Utstillinga «Førestilling» heng til desember.
Nina Bang Larsen opna søndag 17. oktober separatutstillinga "Førestilling" på Tekstilindustrimuseet i Salhus. Museet skriv:

Nina Bang Larsen arbeider i eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear. Nysgjerrig utfører ho nokre av dei underlege ideane som oppstår. Stiller ikkje spørsmål, dømmer ikkje. Ho let seg styra av slump og innfall, i håp om at det skal dukka opp noko som treffer og forløyser den sterke kjensla av at det er noko usagt som må seiast. Utstillingane hennar ser ved fyrste augekast uskuldige og barnlige ut, men det tek ikkje lang tid før ein oppdagar det urovekkande og absurde som ulmar under overflata.

Til Galleri Salhus har Bang Larsen laga utstillinga «Førestilling», der ho har henta inspirasjon frå sirkus, tivoli, dukketeater og teikneseriar. Utstillingsrommet blir fylt med ei samansett gruppe fargerike og tøysete skulpturar som viser hennar kjærleik for handverk, og for alt det som kan dukka opp i eit ope sinn. Praktisk informasjon: tstillingsopning søndag 17. oktober kl. 14.00. Opning ved John Kristian Øvrebø, leiar av Arna og Åsane Kulturkontor.

Utstillinga står til 13. desember og er open i museets opningstid.
20.10.2021