20201017_105829

Kunstverk fjerna frå Sandven hotell

Slutt for "Transient Gate of Hope".
Nyleg vart resten av kunstverket "Transient Gate of Hope" fjerna frå hotellhagen i Norheimsund. Kunstverket var laga av den finske kunstnaren Kari Södö i 2016 til prosjektet Mellom himmel og fjord. SJÅ!  "Transient Gates of Hope" var ein kommentar til flyktningekrisa i 2015-2016.
 
Harding Puls takkar Thon Hotel Sandven som gav oss løyve til å setje det opp i hotellhagen og let det stå til me no vurderte at det ikkje var presentabelt lenger.
 
Aud Bækkelund, Geir Madsen og Solfrid Aksnes stod for nedtakinga.

 
20.10.2020