Inspirert%20av%20Knudsen

ODDArT 2019 - Dette kan du aktivt delta på under kunstfestivalen i Odda

Del historia bak ditt foto

Fredag 30. august kl. 12.00 – 15.00 på Iris kafè  -  gratis
Laurdag 31. august kl. 12.00 – 15.00 på Iris kafè - gratis

  
Kunstnaren Kwestan Jamal Bawan inviterer publikum til å ta med eige foto  til Iris kafé. Her kan
du setje deg ned ved bordet og dele di historie frå bildet med dei andre rundt bordet.
 Det vert også høve til å teikne utifrå forteljingane dine. Det er ikkje nødvendig med teiknekunnskapar, men den visuelle forteljinga kan gje ei fin vinkling til den munnlege forteljinga.


Me oppfordre publikum til å ta stikke innom Iris kafé og ta deg litt tid. Fortel den historia du vil dele frå fotoet ditt  og høyr dei andre sine historie. Her kan det verte mange interessante forteljingar både munnleg og visuelt.

Kwestan kom til Norge i 1998 som FN-flyktning frå Kurdisk område i Irak. Ho kom fyrst til Øystese i Hardanger og som kunstnar vart ho medlem av kunstnarorganisasjonen Harding Puls allereie fyrste året ho var i Norge  Ho er framleis ein aktiv medlem i Harding Puls sjølv om ho i dag bur ho i Bergen og er godt etablert som ein tydeleg og synleg kunstnar med fleire store separat utstillingar. Kwestan er også ein ivrig formidlar mellom innvandrarar og nordmenn og har arrangert fleire ulike møtepunkt og prosjekt både for born og vaksne.
 

Drinking & Drawing - Teiknekurs:

Fredag 30. august kl. 19.00 – 22.00 i Litteraturhuset 2.etg  Kr. 350
Laurdag 31. august kl. 19.00 – 22.00 i Litteraturhuset 2.etg  Kr. 350

 
Billettar på ticketco.no  Utstyr og valfri drikke er inkludert i prisen.
 
Me gjentar suksessen frå i fjor.
Kunstnaren Felicitas Aga tar med seg sitt teikneopplegg frå London til ODDArT. I fjor fekk me nokre magiske timar både for dei som ikkje hadde teikna etter levande modell før og for dei meir erfarne teiknarane. I år utvidar me tilbodet slik at fleire får høve til å prøve seg. Drinking and Drawing er eit lågterskel-tilbod der alle kan delta, enten du ikkje teiknar til vanleg, men berre har lyst og prøve, eller du driv og teiknar til vanleg. Du kan velje ein dag eller begge dagane. Alt utstyr pluss eit glas vin eller anna valfri drikke er inkludert i billetten.
So Har du lyst og prøve deg på kroki- og akt-teikning so er det berre å kjøpe billett.

Billettar på ticketco.no
 
Felicitac Aga, som etternamnet seier stammar ho frå Sørfjorden og ho besøkjer Hardanger kvar sommar då familien har hytte på Utne. Ho bur og arbeider både i London men også i Tyskland. Ho er ein aktiv kunstnar med utstillingar og undervisning. I ODDArT er me svært glad for å ha ho med på laget.
 

Fotoverkstad - Utforsk Odda

Laurdag  31.august,  kl. 11 – 14, Litteraturhuset.  kr. 200
Billettar på Ticketco.no 

Ingerid Jordal, Ådne Dyrnesli og Simon Johnsen. Dei held eit lite føredrag før gruppa går ut og fotograferer og får instruksjon og tilbakemeldingar.

Vil du læra deg å utforska verda gjennom fotografi? Bli med på fotoverkstad i Knud Knudsen si ånd! Lær deg å fotografera menneske, skildra miljø og å fortelja visuelle historier. Verkstaden er både for dei som fotograferer med mobilen og dei som har eige kamera. Me startar med eit lite foredrag før alle skal ut å fotografera og få tilbakemelding på bileta.
 
Ingerid Jordal er godt etablert som fotograf og er no frilansar. Ho er frå Odda men bur no på Voss. Ho jobbar både med oppdrag og personlige prosjekter over heile Norge og i utlandet og  har spesialisert seg på fotoreportasjar og portrett.
 
Odne Dyrnesli er ein ung fotograf opphavleg frå Hardanger.  Han var ungdomsutstillar på Aga tunet i 2017 og han opnar utstilling i Galleri N. Bergslien no i august.

 

Prøv deg som gatekunstnar

Mellom trea øvst i Gågata - gratis
Ope torsdag kl. 14 - 18,  fredag og laurdag kl. 11 - 18

 
I år igjen spenner me opp lerret mellom trea øvst i Gågata. Her kan alle få prøve seg med maling og pensel. Eit heilt uhøgtidleg tilbod. Det du malar vert ståande til andre enten fortsete på det eller malar noko nytt over. Her kan du bruke store arm-bevegelsar eller berre kjenne på det å setje penselen på eit lerret. Ein kunstnar vil vera til stades for å halde orden på maling og penslar. 
Oppfordringa er: PRØV ! Det er ikkje farleg.
 
 
20.08.2019