She%20Hunts_promofoto

Ingerid Jordal stillar ut på Voss

"She Hunts" vert stilt ut fleire stader i 2022.
"For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne på Facebook. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Derfor byrja eg å undersøka kva det vil seie å vera ein kvinneleg jeger."

Sidan 2017 har Ingerid Jordal fotografert kvinnelege jegerar over store deler av Noreg. She Hunts er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. Målet er å utfordra førestillingar om kven ein «jeger» er.

I 2022 turnerer utstillingen fleire stader i Noreg. Fyrste opning er i Voss kunstlag 14. januar kl 18

Seinare visningar er:
CYAN galleri i Oslo, 25-27. mars 2022,
USF Verftet, Bergen, mai 2022
Agatunet, Hardanger, 20. mai til 1. august. 2022
Norsk Skogmuseum, Elverum, 10. august- 26. november 2022.

Sjå nettsida for She Hunts for oppdaterte datoar HER.
 
14.01.2022