Plakat_%20I%20hus%20og%20hage_Messen%202021_bilde

Johild Mæland stiller ut i Messen

Kunstnaren utforska kvardagen under koronapandemien.

Utstillinga "I hus og hage"av Johild Mæland heng i Kunstnarhuset Messen frå 18. sept - 09. okt 2021.

Mæland skriv om utstillinga:

I denne utstillinga viser eg maleri som kretsar om det heimslege. Temaet har kome til som ein
konsekvens av Koronapandemien og restriksjonar i forhold til å bevega seg utanfor eigen heim.
Med minimal sosial kontakt har eg vendt blikket mot det nære og konkrete som er og som skjer i
eigen heim. Det har vore ei interessant oppdaging av dei visuelle kvalitetane som er i kvardagen og
det tilfeldige.
Ved å male det kvardagslege ser ein det ein har rundt seg, av saker og ting og familie, med eit meir
fokusert blikk enn kva ein ellers gjer. Heimen fortel utruleg mykje om ein sjølv. - om val ein har
tatt, om smak, interesse og økonomi. Kvar einaste vesle eller store gjenstand har sin eigen historie.
Dei er kjøpt, arva eller fått - som bestikk i kjøkenskuffa, møblar, planter. -Alt knyter seg til minne
og opplevingar for oss som eig det.
Ein kan sjå på ein heim som eit eige og tidsbegrensa kosmos. Ting vert bytta ut, nytt kjem til, ein
ommøblerer, spar opp nye bed til blomar og grønsaker, malar og vedlikeheld huset. Sår og haustar.
Ingenting er konstant, men alt er del av syklusen vekst – forfall.
Utstillinga I hus og hage er ein form for dokumentasjon av utvalde motiv i min heim. Motiva er
forsøkt skildra dokumentarisk utan å legg til, ta vekk eller forskyva element.
I noken av bilda er motiva utpensla med maling lag på lag og nyansane finstilt over lengre tid
medan andre bilde er skisseprega observasjonar.
Det er blitt 11 maleri med motiv frå livet i eit hundre år gamalt hus og hage som fleire andre - før
oss - har levd i og hatt som sin heim og ramme om sine liv.

Johild Mæland held også kurs i kritkroting på Messen, Laurdag 25. september kl.12-15.
For påmelding og meir informasjon kontakt Johild Mæland på e-post johildm@hotmail.com / tlf. 452 14 512. Avgrensa plass.

 
10.09.2021