styret_foto

Kva er kulturen verd, Ullensvang?

Ullensvang kommune kuttar i midlar til kulturen. Her er Harding Puls sitt tilsvar.
«Om kunst gjør noen nytte?
Spør De meg,
som går den brede næringsvei,
vil svaret bli et avgjort nei.»


Slik skriv André Bjerke i diktet Kunstneren frå 1951, der han tek opp spørsmålet kva kunsten er verd. Ikkje mykje, svarar dei med «næringsvet». Ifølge denne stemma, er industri, kraft, landbruk og handel det einaste med verdi.

Rett over jul kom brevet frå Ullensvang kommune: kulturmidlar tiltenkt større kulturarrangement og festivalar er fryst for 2021. Den same beskjeden gjekk til mange andre. Både Jernrosa litteraturfestival, Blueshelga, eit internasjonalt handbak-stevne, Oddakonsertene og mange av litteraturhuset i Odda sine arrangement har fått blankt nei. Vil ikkje Ullensvang kommune ha desse arrangementa?
Brevet kom ikkje veldig overraskande. Vi har høyrt at kommunen er i økonomisk uføre. Og kultur er ikkje lovfesta. Men er det dei relativt små summane til kultur som velter budsjettlasset?
Harding Puls har i over 25 år vore ein organisasjon for profesjonelle kunstnarar i Hardanger. Vi er ein medlemsorganisasjon med 70 musikarar, kunstnarar, kunsthandverkarar og forfattarar. Vi har skipa til kunstfestivalar, store utekunstprosjekt, verkstader, konsertar, utstillingar og vore ein pådrivar for at kunstnarar i alle sjangrar skal ha liv laga her i fjordane våre. Vi har bidrege til tallause opplevingar for publikum, og for den enkelte utøvar.

Ut frå eit ganske magert driftsbudsjett har Harding Puls i løpet av mange år skaffa mykje aktivitet og eksterne midler til regionen. Å talfesta 25 års innsats er vanskeleg, men mange millionar kan vi trygt slå fast. I skrivande stund planlegg vi eit fleirårig verk med oppstart i vår, som involverer arbeid for kunstnarar, aktivitet i lokalmiljøet og ikkje minst kulturopplevingar for mange menneske. Overnattingar, tenester og andre ringverknader gjev det også. Harding Puls har i alle år vore drifta gjennom eit spleiselag frå kommunane i Hardanger og fylkeskommunen. Denne plattforma gir oss høve til å søkja og motta midler frå t.d. Hardangerstiftinga, dei lokale bankane og nasjonale og skandinaviske ordningar. Når den aller største kommunen i Hardanger no vel å kutta oss av, er det dramatisk.

Avslagsbrevet var pryda med vårt nye kommunevåpen, og slagordet «Ullensvang kommune - kultur, næring og samfunn». Tommare ord skal ein leita lenge etter.

«Driv kunstneren ut: all lek vil du dermed fordrive
og mister du evnen til lek, da mister du livet.»


Helsing styret i Harding Puls
Inger-Kristine Riber (leiar), Ingerid Jordal (nestleiar), Guro Øverbye, Felieke van der Leest, Silje Solvi, Solfrid Aksnes og Reidun Horvei.


Teksten er sendt til Hardanger folkeblad, Hordaland folkeblad og Bergens tidende.
 
05.02.2021