1630498259577

Riber og Horvei på turné RIT

Utforskar Hauges draumelandskap med nykomponert musikk.
Duoen Reidun Horvei og Inger-Kristine Riber er klare for å presentera konsertframsyninga RIT, samt bok og CD. Urframføringa er under poesifestivalen i Ulvik 5. september. Etter det held dei eit stort tal konsertar på Vestlandet, også til Eidfjord og Ullensvang.

RIT er eit nykomponert verk skrive av Inger-Kristine Riber, beståande av piano, elektronikk og songrøyst. Saman med Reidun Horvei framfører ho sjølve verket. Dei to Harding Puls-medlemene har samarbeida i ei årrekkje, og RIT er deira største og mest ambisiøse prosjekt til no.

Dei skriv:
RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Det har vore tett samarbeid mellom komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktørar i produksjonen.

Målet har vore å utforska Hauge sitt draumelandskap og å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Her skal ein vonleg «søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama,angst, men og ei ro som byr på openheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi».

Før framførimga skal Katherine J. Hanson frå Seattle i USA halda eit innleiande føredrag om Olav H. Hauge sine dikt. Ho var den fyrste som tok doktorgrad på lyrikken til Hauge, og har vitja han fleire gonger i Ulvik.

Foto: Oddleiv Apneseth.
 
04.09.2021