CM0A2417

Dugnad på Bu

Hardingpulsarane rydda fram kunsten.
Sundag 25. april møtte eit titals medlemmer med fylgje opp for å rydda rundt kunstløypa på Bu.

Kunstløypa rett ved Hardangerbrua er ein del av "Mellom himmel og fjord. SJÅ!" som opna for 7 år sidan, men på desse åra har naturen byrja å ta staden attende. Nokre av verka var ikkje råd å få auge på på grunn av ivrig trevekst, og utsikta ned mot brua var også vorte dårlegare.

Etter fira timars innsats såg det fint ut på staden. Takk til alle som bidrog!

Både Hardanger folkeblad og avisa Hordaland på Voss skreiv om dugnaden.

På biletet ser du Guro Øverbye posera med motorsaga framfor Kysset av Unni Askeland. Saga vart kun nytta på tre, og ingen kunst kom til skade.
04.05.2021