Kristi Skintveit

Kunsthandverkar

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Tekstilkunstnar. Vev, strikk, broderi.  

​Eg har vore yrkesaktiv med eiga vevstove, KristiAneVev, sidan 1964, - med fokus på fargerike klede og interiørtekstilar. Stoffa har vore inspirerte av naturen, årstidene og trendar i moteverda og biletkunsten. Alle moglegheitene til grove tekstilstrukturar som finst med trådar og vevreiskapar, og omtanke for forming og saum tilpassa kundar, har påverka resultatet. Eg har òg arbeidd som formgivar, formidlar og fagbokforfattar med vekt på gamle teppetradisjonar og produksjon av suvenirar i Hardanger.
 

Tekstilar er allemannseige, forankra i lange tradisjonar. Ved å tøya og overskrida elementær kunnskap og tradisjonelle reglar, gjerne med spenning mellom motsetnader, får dei tekstile tradisjonane nytt liv.


UTDANNING
1959-1964  Bergen kommunale - og Statens kvinnelege industriskule, vevpedagogikk og atelierpraksis

 

Galleri

kristi skintveit port1

Oppdrag

Kunstformidling
Kurs
Formgjeving
​Utstilling

 

Kontakt

Kristi Skintveit
Øvre Sætveithagen 2
5627 Jondal

Tlf: (+47) 909 98 159
post@kristianevev.no
www.kristianevev.no
NETTSIDE
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no


 
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no