2a_KnutHamre-ReidinHorvei-opning

2005 - FJORD-BORN. Utstilling, konsert, kurs, GalleryTalk og tilbod til born hjå Nordic Heritage Museum.

Seattle, USA 7. april - 26. juni.
 
I samband med hundreårsjubileet for Noreg fekk Harding Puls gjennomført eit lenge planlagt utstillings- og konsertprosjekt i USA. Utgangspunktet var ein kontakt som musikaren Reidun Horvei hadde med Nordic Heritage Museum i Seattle i 1997. Ho gav direktøren på museet, Marianne Forssblad, katalogen til Harding Puls. Det resulterte i ein invitasjon frå museet.
 
Det vart valt ut til saman 73 arbeid hjå 19 kunstnarar.                                                 
Hildegunn Strømme, Svein Nå, Tone Aanderaa,                            
Åse Berit S. Ulltang, Aud Bækkelund, Olav Bjørkum,
Arne B. Mælen, Jarle Rosseland, Synneva Heradstveit,
Solfrid Aksnes, Ingunn van Etten, Anna Stina Næss,
Bjørn Br. Pedersen, Torunn Øvsthus, Lars Hegstrup,
Anne Hesvik Kartveit, Kristi Skintveit,
Hannu Konttinen og Kwestan Jamal Bawan.
 
Opninga torsdag 7. april
Ingunn van Etten og Aud Bækkelund, Reidun Horvei, Knut Hamre og Geir Botnen, var til stades for Harding Puls på opninga. Direktøren for museet presenterte forumet vårt. Den norske konsulen i Seattle heldt den offisielle opningstalen. Reidun Horvei og Knut Hamre, held ein musikalsk smakebit.
 
Konsert fredag 8. april
”Trio i ein Fjord”, med Harding Puls-musikarane Reidun Horvei, song, Geir Botnen, piano og Knut Hamre, hardingfele, gav ein flott konsert om kvelden på museet. 
 
Musikkurs helga  9. – 10. april
Laurdag og sundag held musikarane Reidun Horvei og Knut Hamre kurs i kveding og hardingfelespel med ei avsluttande samling om sundagen.
 
Gallery Talk laurdag 9. april
På laurdag føremiddag held Aud Bækkelund ei omvising i utstillinga for interesserte.
 
Tilbod til born laurdag 9. april
Ingunn van Etten hadde eit opplegg der ho fortalde om det å lage biletbøker.
Elevane fekk også i oppgåve å male utifrå ei av bøkene hennar.