KUNSTNARLEG VERKSEMD - Geir Botnen er pianist.
Han har fast base i Norheimsund og har sidan utdanninga hatt ei lang rekkje konsertar innanlands og utanland både solokonsertar og saman med andre kjende musikarar. Repertoaret hans spenner frå seinbarokk over heile den romantiske epoken til modernistane og nye verk i uroppføring. Han er ein ettertrakta solist, kammermusikar og ein omtykt akkompagnatør.
I ensemblet «Trio i ein fjord», har han eit fast samarbeid mellom Botnen, felespelaren Knut Hamre og songaren/ kvedaren Reidun Horvei.
Geir Botnen har sidan oppstarten vore med i programnemnda for musikkfestivalen Hardingtonar i Norheimsund. Dei seinare åra har han og vore styreleiar. Han er også involvert i Klaverakademiet i Bergen.
UTDANNING
1978 - 1983 Klaverstudium med Jiri Hlinka, Bergens Musikkonservatorium
1998 Klaverkurs/interpretasjon med Jurg Kurtag i Berlin