1_ArildBNielsen-ArnhildLitlere-SigmundVik

2006 - KUNSTEN og BÅTEN. Lyrikk- og musikkprogrammet "Eit hav, ein båt, ei reise".

Hardanger fartøyvernsenter 18. juni.
Eit samarbeid mellom Harding Puls og musikkfestivalen Hardingtonar.

 
Skodespelar Arnhild Litlerè, opplesar.
Musikar Arild B. Nielsen på trompet m.m.
Musikar Sigmund Vik på bass.
 

Skodespelaren Arnhild Litlerè og musikarane Arild B. Nielsen og Sigmund Vik let seg inspirera av prosjektet Kunsten og båten og  fordjupa seg i den lyriske og poetiske sida av temaet båt.
 
Etter smakebiten dei gav på opninga i 2005, jobba dei vidare med dette temaet. Gjennom tekstar av våre kjende forfattarar og med eigenkomponert musikalsk fylgje skapte Arnhild og musikarane eit stemningsfullt program der havet, båten og reisa danna den raude tråden.
 
Arnhild seier i sine tankar kring programmet: ” For å kunne erobra fjorden og det veldige elementet havet så vart båten født. Født av trongen til å skaffa seg mat, født av lengselen etter å reisa ut…”
 
Musikkfestivalen Hardingtonar tok arrangementet inn i sitt program.
Oppsetninga av Eit hav, ein båt, ei reise  knytte soleis saman prosjektet Kunsten og båten med tvillingfestivalane Hardingtonar og Hardanger Båtfestival i 2006.