6_MeretheGauden

2008 - HT08. Forteljeteater for skuleelevar i Hardanger om Olav H Hauge og Geirr Tveitt ved Merethe Gauden.

"Gutane frå Hardanger som vart to av verdas største kunstnarar"


Merethe Gauden utarbeidde program og regi for førestillinga si om Olav H. Hauge og Geirr Tveitt. Førestillinga Gutane frå Hardanger som vart to av verdas største kunstnarar vart tilbydd skulane i Hardanger i samband med vandreutstillinga. Nokre av førestillingane gjorde Merethe i utstillingslokala, men dei fleste framførte ho på skulane for å spara transportkostnader for elevane.

Til saman hadde Merethe Gauden om lag 50 førestillingar på 18 skular frå 1.-7 klasse. d.v.s. 1400 elevar og lærarar.