F1000033

2005 - KUNSTEN og BÅTEN. Seminaret "Kunsten i handverket".

Hardanger fartøyvernsenter  21. – 22. mai
Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger fartøyvernsenter.


Deltakarar på seminaret:
Kunstnarar, båtbyggjarar, arkitektar, og andre båt- og handverksinteresserte. Seminaret retta seg mot faggrupper som ikkje har hatt ein felles arena tidlegare. Ca. 40 personar deltok på seminaret.
Målet var å setja fokus på både det estetiske og det symbolske ved båten og på det fine handverket i båtbyggjartradisjonen.
 
Dag Sveen, professor i kunsthistorie
var fyrste føredragshaldar på laurdagen.
Han losa seminardeltakarane gjennom båten si symbolske rolle både i religionen og i kunsten gjennom tidene.
 
Petter Southall, møbeldesignar og båtbyggjar.
Han fortalde korleis han på slutten av 70-talet hamna som båtbyggjar i Noreg. Den vidare livshistoria hans viste ein søken der handverket med grunnlag i båtbyggingsfaget representerte den raude tråden fram mot designmøblane han produserer.
 
Eilev Instanes frå firmaet Paradis Nautica.
Instanes starta føredraget sitt med å vise designmodellar frå 1973, med store banebytande visjonar. Nokre vart bygde og andre kom ikkje lenger enn til teiknebordet.
Han viste mellom anna fritidsbåtar, og peikte på signal som designet gjev om ulik status og smak.
 
Kristian Djupevåg, båtbyggjar.
Hovudtema i føredraget til Djupevåg var utsmykkinga av båtar gjennom tidene. Djupevåg stilte mange spørsmål, blant anna om Osebergskipet – kan me samanlikna det med lystbåtar i dag – har dei noko felles?
 
John Audun Hauge, skulptør.
Hauge er spesielt kjend for sine båt-relaterte skulpturar og for materialestetikken i dei. Hauge har ofte med ein stein i skulpturane sine. Han er elles oppteken av å stoppe prosessen med skulpturane før den blir ein komplett form eller til dømes ein komplett båt.
I den har også tyngre steinskulpturar kome frå hans hand.
 
Panedebatt til avslutning
Peter Helland- Hansen er båtbyggjar og leiar av småbåtverkstaden ved Hardanger Fartøyvernsenter.
Bjørn Br. Pedersen er kunsthandverkar og arbeider som keramikar og skulptør på Homlagarden.
 
Eit tilbakevendande tema i debatten var skiljet mellom kunst, kunsthandverk og tradisjonelt handverk. Kvar går grensene? Debatten synte at det ikkje var lett å trekke opp klåre fellestrekk eller skiljelinjer, men at brytninga mellom omgrepa kan vera kjelde til inspirasjon. Debatten hella til at me ikkje måtte omtale alt som kunst og at eit handverk ikkje er kunst i seg sjølv. Dei fleste ser for eksempel på båten som eit resultat av den funksjonen den skal ha og eit godt handverk og god form.