2012-hardanger-open

2012 - Hardanger OPEN i samarbeid med Hardanger og Voss Museum

Hardanger OPEN 6.-7. oktober 2012

Harding Puls samarbeidde med Hardanger og Voss museum  i dette prosjektet.
18 kunstnarane held ope sine atelier for publikum.  22 kunstnarar hadde utstillingar i dei ulike galleria kring i regionen.  Kunstnarhuste Kabuso,  Hardanger fartøyvernsenter og Hardanger folkemuseum var også opne heile helga.
 
På Hardanger fartøysenteret var det også male-aktivitet med kunstnaren som stilte ut der og på museet på Utne var det keramikk for publikum, samt ein interaktiv performance der publikum deltok
 
På Hardanger Frukt og Siderfestival deltok ein av kunstnarane  med ein maleverkstad for born og ein av kunstnarane tok med seg staffeliet sitt og sto ute å malte på festivalområde.
 
To musikarar held både ein huskonsert og ein atelierkonsert.