-Blått til lyst- av Ingunn van Etten

2010 - Workshop - Kunst i Landskapet - Land Art på Mælen.

Workshop og seminar på Mælen i Herand 12.- 22.april

Eit samarbeid mellom Harding Puls og Hardanger Kulturgalleri på Mælen
 
Kunstnarar frå Hardanger, og frå heile landet vart inviterte til ein 1-dagars workshop. Etter søknad vart det plukka ut 14 kunstnarar.
 
Målet var å setje fokus på landskapet og utforske Mælen og Hardanger som ein arena for landskapskunst. Samtidig ynskte me å styrka kunstnarane si erfaring gjennom eige arbeid og felles diskusjonar. Som resultat ville me gje hardingane nye visuelle impulsar i eige landskap under Hardanger OPEN.
 
Deltakarane fekk ein inspirasjonsdag med Charles Michalsen, kunstnar og tidlegare lærar på Kunsthøgskulen i Bergen. Han utfordra deltakarane til å sjå og oppleve og ikkje minst ta utfordringa når ein gjekk i ei rett linje ute i eit elles ulendt terreng. Det gav næring til å tore, satse og ikkje gå utanom utfordringar.
Det var og føredrag med den anerkjende canadiske arkitekten Todd Saunders.
 
Til det avsluttande seminaret inviterte me politikarar, kommune- og museums tilsette og andre som kunne vera interesserte. Hardangerrådet valde å leggja sitt møte til Mælen og la samtidig seminaret inn i sitt møteprogram.
Svein Rønning, kunstnarisk konsulent i kunstgruppa for Turistvegane, heldt føredrag om Turistvegen sine store kunstsatsingar kring i landet. Per Erik Fonkalsrud frå Oppland fylkeskommune fortalde om eit polsk-norsk prosjekt med temporær kunst i uterom (UT-21) som han var initiativtakar til i 1987 og 2008.
Og me i Harding Puls fortalde om worshopen me hadde hatt i området


Deltakande kunstnarar:
Arne Bakke Mælen (vert)
Aud Bækkelund
Ingunn van Etten
Els Geelen
Wim van den Toorn
Solfrid Aksnes
Else Leirvik
Hilde Aga Brun
Vanesa van Vlerken
Vigdis Sorsveen
Dag Bratbergsengen
Kristen Rønnevik
Anna-Liisa Silenti
Tapani Launis