6_Agatunet

2008 - HT08. Poesiprogram ved Arnhild Litlere, Arild B. Nielsen og Sigmund Vik.

Poesi- og musikkprogrammet ” Ein bete blåe Rosor”

10. mai i Lagmannstova på Agatunet.

Skodespelar Arnhild Litleré hadde sett saman og las dikt og stykke frå dagboka til Olav H. Hauge. Arild B. Nielsen hadde komponert tonefylgje og framførte det saman med Sigmund Vik, for ein fullsett sal. 
Framføringa var i samband med opninga av vandreutstillinga Inspirert av Olav H. Hauge og Geirr Tveitt.

Poesiprogrammet vart også framført ved opninga av utstillinga i Galleri N. Bergslien i Eidfjord 21. august.