Merethe Gauden

Drama

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Eventyrformidling, forteljeteater, opplesing. Leseinspirator og bokformidling.

Litteratur tilfører livet undring - og språk til å setje ord på denne undringa.»
I dette ligg heile inspirasjonen til at eg dreg omkring med sekken full av prinsesser og  gullhøner eller at eg invaderer barnehagar og skular med skattekister lasta med bøker. Når borna sit som på nåler, musestille, og lurer på om guten kjem seg ut av fangenskapet før trollet kjem heim att eller når eg står der med mitt korte hår og påstår at eg er prinsessa med det laaaange sølvhåret, og borna nikkar anerkjennande, då får eg premien min!


Det å få lov til å spreie  leseglede, inspirasjon og gode lesetips er ei ære. Å formidla rett bok til rett person er ei utfordring eg arbeider meir og meir med. Dette er verkeleg det eg brenn for og det er eit fag eg ynskjer å verta gamal i.


UTDANNING
2001         Barn, Unge og Medier ; Høgskulen i Bergen.
1983/84    Lunds Teaterskola för Myt- och Sagogestaltning.
1979-83   Teatervitenskap, Litteratur og Visuell kommunikasjon; UIB.
                 Musikk/Teaterlinja ved Romerike Folkehøgskule
                 Diverse teater-/drama-og litteraturformidlingskurs
 

Galleri

merethe gauden port-1

Oppdrag

Merethe tar på seg opplesingsoppdrag,
og ho lagar forteljeteater for born og vaksne.

 

Kontakt

Merethe Gauden
Hardangerfjordvegen 260
5600 Norheimsund

Tlf: (+47) 924 38 942
merethe@gauden.no
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no


 
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no