Arvid Aasprang

Musikar

KUNSTNARLEG VERKSEMD: Arvid Aasprang sitt hovudinstrument er saksofon.

Som tiåring starta eg som mange å spela i skulekorps. Hobbyen har seinare vorte brukt i korps, storband, ulike band m.m. heilt fram til 2007. Då satsa eg på eit liv som frilansmusikar.
Mange vil kalla meg ei potet innan musikkens verden. Har ingen avgrensingar på stilartar. Beherskar både klassisk uttrykk og improvisasjon i ulike musikkstilar.
Mykje brukt som solist i bryllaup, gravferd og ulike konsertar/innslag.
Det er spanande å jobba med forskjellige stilartar. Kan for eksempel nemna at eg er saksofonist i eit tribute Pink Floyd-band. Her må ein tilpassa seg ein spesiell stilart.


Det å skapa stemningar i musikken saman med andre musikarar er gjevande. Kommunikasjon med andre gjennom tonar gjev både meg og publikum gode opplevingar

Galleri

arvis aasprang port-6

Oppdrag

Konsertar


 

Kontakt

Arvid Aasprang
Sjusetevegen 105
 5610 Øystese

Tlf: (+47) 916 11 408
arvid.aasprang@gmail.com
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no


 
Harding Puls   -   post@hardingpuls.no