Plakatbildet%5B26973%5D

Kunstutstillinga «Å ANA»

Åse Berit Skeie ulltang stiller ut i Galleri Hagalid.
I utstillinga "Å ANA" syner Åse Berit Skeie Ulltang arbeid frå perioden 2018–2021. Bileta har blitt til etter at ho kom attende til Noreg etter å ha budd over 5 år i Sør-Korea. Det nye materialet ho vart kjent med i Sør-Korea, hanji (koreansk handlaga papir) og blekk, nyttar ho framleis i collagebileta sine.

Gjennom kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir og kurs i å lage bruksgjenstandar av hanji, vart ho kjent med eit materiale som talte til ho spontant. Det koreanske papiret er laga av den inste barken til det koreanske morbærtreet, og står i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Det heiter at silke kan vare i 500 år, mens hanji varar i 1000 år. Framleis er det nokre få personar som tek vare på dette handverket, og for Skeie Ulltang er eit ark hanji nærast eit kunstverk i seg sjølv. Det er med stor respekt ho nyttar papiret i sine måleri/collage. Teksturen, fargane, det slitesterke, men òg sårbare, handlaga papiret har kvalitetar Skeie Ulltang utforskar når ho skaper nye bilete.




Skeie Ulltang har alltid vore glad i sterke fargar, og ho vart kjempebegeistra over fargebruken i Sør-Korea då ho flytta dit. Dette kjem tydeleg fram i kunsten til Skeie Ulltang. Fargar er visuelle impulsar som har sterke subjektive emosjonelle preferansar. Gleda og undringa over fargenyansar og spenninga i å sette opp ulike fargar mot kvarandre, er ei viktig drivkraft i kunsten for Skeie Ulltang. Ein farge kan ikkje definerast åleine, han treng ein annan farge ved sida av seg. Ved å sette saman papir i ulike former, størrelsar, fargar og valørar, nyttar ho verkemiddel som rom, overlapping og transparens.

Skeie Ulltang ser òg mange parallellar mellom fargerelasjonar og menneskelege relasjonar. Rommet du er i endrar seg alt etter kven og kva som fyller det, og som menneske eksisterer me og utviklar oss i relasjon til andre. Det er i møtet med andre du blir til.

Eit anna viktig verkemiddel Skeie Ulltang tek i bruk er meditative eller energiske blekkstrekar der penselstrøka visuelt uttrykker rørsler og kjensler i augneblinken. Streken vert eit bilete på kor flyktig tida er. Skeie Ulltang er opptatt av å våge å ikkje ha kontroll, å vere undrande over det nye som oppstår når ein presser grenser. Å bygge opp og bryte ned, sette saman på ny og vurdere kva som oppstår i det nye uttrykket, er ein viktig del av prosessen i arbeida hennar.




Tittelen til utstillinga i Galleri Hagalid er «Å ANA», i tydinga av å ha ei kjensle av, å ha ein tanke om. Dette understreker verdien av å stanse opp, sanse, kjenne etter. Arbeida til Skeie Ulltang er abstrakte i si uttrykksform, noko som opnar opp for at tilskodaren kan undre seg, oppdage og finne si eiga oppleving i møte med kunsten. Kva minner ei form eller ein farge oss om? Kva assosierer me ein figur eller ein strek med? Det er ingen fasitsvar på kva bileta førestiller, det er opp til tilskodaren å avgjere.


Skeie Ulltang finn inspirasjonen sin i natur, samspel og endring, og ho er opptatt av å sanse, undre seg og å vere her og no. Som vestlending er ho glad i å gå i fjellet, og mange av bileta hennar kan gi assosiasjonar til natur og organiske former.

Utstillinga opnar 20 mars. Les meir på Galleri Hagalid sine nettsider HER.

 
12.03.2021