CM0A2125

Nytt styre i Hardingpuls

Styreleiar gjennom 20 år, Solfrid Aksnes, gir stafettpinnen vidare.
På styremøte 19. mai vart Inger-Kristine Riber (musikar) valt som konstituert styreleiar og Ingerid Jordal (fotograf) som nestleiar og marknadsførar. Styreleiar gjennom 20 år, Solfrid Aksnes, er glad for trygt å kunne gje stafettpinnen vidare til to dyktige kunstnarar og initiativrike medlemmer. Dei nye leiarane har til saman brei kompetanse for oppgåva.

Inger-Kristine Riber er pianist og komponist. Ho er vane med å arbeida prosjektbasert og har god erfaring med kulturell entreprenørskap. Mellom anna har ho etablert og i fleire år leia KulturFjorden Kammerserie. På 17. mai i år sto ho for den flotte Kunstnarfesten med hardangerkunstnarar som fleirfaldige tusen personar både i Norge og USA kunne nyta digitalt i si eiga stove.

Ingerid Jordal er fotograf og arbeider i dag med eigne fotoprosjekt og på oppdrag for aviser og magasiner. Ho har lang erfaring frå media som fotojournalist og som dagleg leiar for eit kunstgalleri, samt etterutdanning i kuratering. Ingerid tar tak i Harding Puls si nettsida og facebook og instagram. Harding Puls og kunstnarane skal verta meir synlege på digitale plattformer.

Styret består no av:
Inger-Kristine Riber (leiar)
Ingerid Jordal (nestleiar)
Felieke van der Leest
Silje Solvi
Solfrid Aksnes
Guro Øverbye (vara)
Reidun Horvei (vara)
Lars Korf Lofthus (vara)

(På biletet: Styret frå venstre: Felieke van der Leest, Silje Solvi, Inger-Kristine Riber, Ingerid Jordal, Solfrid Aksnes og Guro Øverbye (vara). Vara Reidun Horvei er fotograf.)
24.05.2020