My%20Pictures0008

2004 - Harding Puls inntar Ås. Utstillingar, opningsprogram, konsert og kulturkveld.

 Ås, 24. april – 16. mai 2004
              


Harding Puls inntok Ås i Akershus med tre utstillingar og tre kunstnariske opningsprogram og med påfylgjande konsert i Ås kyrkje søndag 25. april.
Prosjektet vart avsluta med ein kulturkveld fredag 14. mai.
 
Opninga starta på Ås bibliotek med hovudutstillar Ingunn van Etten. I barneavdelinga var det ei mindre utstilling med Stella East. På opninga las skodespelar Arnhild Litlerè frå den eine boka til Ingunn van Etten og songar Reidun Horvei lokka og kveda.

Deretter opna Ås Kunstforening med utstillarane:
Hildegunn Strømme, Svein Nå, Tone Aanderaa,
Åse Berit S. Ulltang, Berger Bergersen, Aud Bækkelund,
Olav Bjørkum, Johild Mæland, Arne B. Mælen,
Reidun Breistig og Jarle Rosseland. 

Opningskonsert på flygelet ved Geir Botnen.                                                                                                                                                                                                                                                                    Opningsrunden vart avslutta på Galleri Texas
med utstillarane:
Synneva Heradstveit, Solfrid Aksnes, Ingunn van Etten, Anna Stina Næss, Bjørn Br. Pedersen, Torunn Øvsthus, Lars Hegstrup, Anne Hesvik Kartveit, Kristi Skintveit og Stella East.
 
Opningsprogram med song /kveding av Reidun Horvei og Arnhild Litlerè som leste bl.a. tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge. 
 Me serverte medbrakt ekte krotekaker og eplesider frå Hardanger.
 
Søndag 25. april var det konsert i Ås kyrke med "Trio i ein Fjord" (Geir Botnen, Reidun Horvei og Knut Hamre). På repertoaret var det komposisjonar av Geirr Tveitt, Ketil Hvoslef og Edvard Grieg
 
Fredag 14. mai trakk forfattar Frode Grytten og musikar Arild B. Nielsen fullt hus til kulturkveld i Galleri Texas. Dei hadde med seg ein forsterkning, bassisten Sigmund Vik.