Eli_Raa_port-4

Til minne om Eli Raa Nilsen

Eli Raa Nilsen 1955-2022
Etterord av Anne Hesvik

Det er med sorg vi tek imot bodskapet om at den livsglade og fargerike kunstmålaren Eli Raa Nilsen har gått bort. Eli som er oppvaksen i Salhus kom til Hardanger i 2015. Ho vart medlem av Harding Puls då ho kjøpte eit fint gamalt hus øvst oppe i Skjeggedalsvegen i Tyssedal. Ein gammal arbeiderbustad vart hennar nye atelier og heim. Eli var aktiv med i HardingPuls og ho sette farge på laget når vi var samla med like strålande humør og gode formidlingsevne som sine kreative og fargerike klesdrakter. Med penslane skapte ho fargerike og talande måleri med lag på lag der ho nytta både olje eller akryl , også collage, tusj og akvarell. Ho let seg inspirera av både natur, draum, musikk og litteratur. Bileta hennar speglar mystikk og magi i folketru, men også notidige hendingar og eit kulturelt mangfald» 

Eli hadde eig godt hjarta for dyra i naturen, og kunsten hennar gjenspeglar gleda og varmen for dyra.  Ho var dyktig å henta fram det gode i dyra, og bileta hennar fangar opp det varlege og fine ved dei.

Eli uttrykte seg i ei ekspresjonistisk stil . Leikande og lett. Det var måleri vi kunne sittje lenge framom og hente inn nye fargenyansar, fine ljossettingar, vare stemningar -og drøyme oss bort.

I hagen til Eli blant krydder, frukt og blomar var ei lita hytte. Den leigde ho ut via AirBnb . Det var ikkje få ungdomar frå heile verda, som  fekk overnatte etter den lange turen til Trolltunga. Vegen til Trolltunga gjekk rett forbi huset hennar. Eli var ikkje berre dyktig med malepenslane, men og svært kunnskapsrik og alltid søkjande etter kunnskap og livsvisdom. Ho elska kontakt med menneske som kunne lære henne noko. Det vart mange fine, lange middagsstunder rundt kjøkkenbordet hennar med gode samtaler med ungdomar og vener frå alle kantar av verda.

Vi som fekk lære Eli å kjenne vart både imponerte og audmjuke over kor kunnskapsrik og fargerik ho var. Eli  baud på seg sjølv, Ho var raus og gavmild, full av forteljar glede og ivrig etter å vise oss kva livet baud på av musikk, kunst, lyrikk og livsvisdom. Ho var open og inkluderande. Ho var og ein god lyttar og ein god filosof. Ho var ikkje formanande, men kom alltid med gode råd og leita til ho fann svar på våre større og mindre funderingar.  Men aller mest lærte ho oss å leve livet vårt her og no.  Som den gode biletkunstnaren ho var la ho merke til alt rundt seg, og alt ho såg i naturen var litt sterkare i fargane enn det vi såg, ho viste oss dei fine linene, dei gode formene, dei vakre fargane og det vare  levande livet. På denne måten viste Eli oss å bruke alle sansane våre, og ta vare på dei gode augneblikka livet gjev.

Signe minnet til Eli og tankane våre går til dei fire borna hennar, ho var så stolte over og glad i!


Menneske som lyser

Du kjenner dei. Menneske som lyser.
Varmen er som eit segl etter dei.
Andlet som opne vindaugo.
Du fangar dei aldri, men dei legg
att etter seg noko godt som du kan
ta opp i deg og kjenna gløden frå
Lenge etter.

- Bente Bratlund.
23.02.2022