Odveig_Klyve_port-6

Odveig Klyve og Ingerid Jordal på Høstutstillingen

To kunstnarar frå Harding Puls deltek på Høstutstillingen i år.
Poet og filmskapar Odveig Klyve og fotograf Ingerid Jordal er begge teke inn på Høstutstillingen 2022. Vi gratulerer!
Klyve er representert med dokumentarfilmen VIEW, og Jordal med eit verk frå fotoserien She Hunts.
Høstutstillingen er rekna som ein av dei viktigaste og mest tradisjonsrike utstillingane i Noreg, og er spesielt kjent for å ta inn ny og til tider provoserande kunst. Den vert arrangert av Norske billedkunstnere, og er sett saman av verk frå om lag 100 kunstnarar via fri innsending. Høstutstillingen er open 10. september–16. oktober i Kunstnernes Hus i Oslo.

Les meir HER.

(Foto av Odveig Klyve: Agurtxane Concellon)



 
07.09.2022