275938633_922645838412936_3101483080073416166_n

Linda Lid stillar ut keramikk i Ølve

"Vår" opnar i Galleri Banken 9. april.
Keramikar Linda Lid stillar ut i Galleri Banken i Ølve sentrum 9. til 18. april 2022.
 
Utstillinga heiter "Vår" og består av fuglekasser, blomstervaser, og blomsterkrukker. Du kan og finna nyttige og praktiske smykker til kjøkken og borddekking.
 
I tillegg monterer kunstnaren ein fargerik vegginstallasjon samansett av skåler i ulike størrelsar. Desse kan kjøpast enkeltvis , og inntekta frå dette salet går til ukrainsk Røde Kors
 
Utstillinga er open kvar dag frå  kl. 12 til 15. Publikum er også velkomne utanom opningstidene,  etter avtale på tlf. 47753553.



 
03.04.2022