feb20%20Anne%20Hesvik%202

Anne Hesvik i utstilling "Tradisjon i Drakt", Kunstvandring på Voss - 29. februar til 28. mars 2020

Anne Hesvik seier "Eg arbeider som kolorist, med hovudvekt på ornamentikk. Ornamentikken er som musikk. Der fargane er tonar, og ornamentikken den tause tale. Eit universelt språk som vandrar frå land til land, verda over uavhengig av tid, kultur, religion og politikk. Saman med symbolikk, koloritt, med rytme og linjespel rører den ved menneske si sjel, tankar og kjensler."
Hesvik brukar dei klassiske maleteknikkane som limfarge og oljemaling på kridt- og limgrunna treplater, på lerret og på tredimensjonale skulpturelle gjenstandar av ulike treslag.

Opning: Laurdag 29. februar klokka 12:00 på 19, Kunstvandringa på Voss, Uttrågata 19, Vossevangen.

www.kunstvandringvoss.com
www.hesvik.no
28.02.2020