Aud%20B%20plakat%20A4

Aud Bækkelund si utstilling "Alternative farvann" står i Kabuso til laurdag 20. april.

I Aud Bækkelund si verd vert det praktiske – tinga si tale – kobla med det fantasieggjande. Abstrakte tankebanar, ofte formulert i malande titlar, formar mentale rom der dei prosaiske tinga får heilt nye roller. Dei får poetisk slagside, kanskje óg humoristisk sans.
Samanstillingar, omarbeidingar og titlar hintar om dei komplekse banda vi har til tinga som omgjev oss. Og vår del av verda er overrisla med ting. Tida me lever i kan kanskje samanliknast med eit hurtigtog som skramlar av garde med opne godsvogner der stadig større deler av lasta fell av.
Men me slepp ikkje unna at alt som vert laga, alt me produserer og brukar, er konstruert av noko – ein material planeten byr på og som vert utvunne, omarbeidd og sett i omløp. Hos Bækkelund får tinga ein liten pause. Dei vert nytta i andre historier, får eit glimt av eit nytt og årvake blikk på vegen gjennom tidas kvern. Og kanskje erkjenner tinga sjølve at alt er forgjengeleg, at ein kan skifta både ham og bruk undervegs, at forteljingane er mange og ingen er heilt sanne.

Bækkelund er fødd og oppvaksen i Hedmark, men flytta til Norheimsund etter å ha fullført hovudfag ved Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har ein omfattande utstillingsaktivitet og har hatt separatutstillingar i Kunstnerforbundet, Ram galleri og Soft galleri i Oslo. Vidare har Bækkelund stilt ut på galleri i Stavanger, Trondheim og Bergen. Ho har også delteke på Høstutstillingen og i ei rekkje gruppeutstillingar i inn- og utland.

Opningstider i utstillingsperioden:
Ons - fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16

 
27.03.2019