Hkgq0LfFd

Lars Korff lofthus med soloutstilling i Bergen

Målar fram det skeive i bygde-Noreg.
Frå 29. mai — 1. august 2021 på Hordaland kunstsenter utstillinga "Drik av mig som en fuldkommen Mand" av Lars Korff Lofthus.

Frå pressemeldinga:

I Lars Korff Lofthus si utstilling på Hordaland kunstsenter, som består av måleri i store format og skulpturar i tre, møter me dei avkledde kroppane til kraftige menn – i intimt samkvem med kvarandre, og i samspel med vestnorske naturlandskap og gjenstandar me kjenner att frå nær og fjern norsk kulturhistorie.

Særleg ølbollen trer fram som ein bruksgjenstand frå ei anna tid. Den er måla inn i bilda til Lofthus, og plassert i rommet som målingsdekorert skulptur. Dei tekstlege strofene Lofthus har dekorert nokre av ølbolle-skulpturane med, er «ekte» vers som vart nytta på dei historiske inspirasjonskjeldene. Men utstillinga hans, som har fått tittelen sin frå nettopp eitt av desse versa, endrar tolkningsrommet for dei korte tekstane. 

Det er i det heile som at ny historie oppstår, i møtet mellom bestanddelane i utstillinga. Eller kanskje heller: Det er som at ei historie me kjenner blir fortald nytt. Skeiv kultur er me vande med å sjå representert, i ein urban kontekst. Lars Korff Lofthus målar fram det skeive i bygde-Noreg.

Les meir på Hordaland kunstsenter sine sider HER.
25.05.2021