kalkunkylling_2019_60

Utstilling Els Geelen "Fugleperspektiv" i galleri Aamodtgården, Kongsvinger - 14. sept til 6. okt 2019

Olje, akvarell, foto, video-collage.

Els Geelen er ein nederlandsk billetkunstnar som bur i Norge på ein økologisk gard, midt i Hardanger. Ho har fått si kunstneriske utdanning i Amsterdam, men har også studert biologi og har ein fasinasjon for naturen. På garden produserast økologisk kalkun og kylling. Gjennom verksemda har Els Geelen fått mykje kunnskap om fjørfeindustrien i Norge samt i utlandet.
Gården har eige klekkeri og tilgang til dei nyfødde kyllingane gav Geelen inspirasjon til å byrja på prosjektet ¨Fugleperspektiv¨. Prosjektet har utvikla seg frå synleggjering av fuglane til ein kritisk «statement» som vil bidra til bevisstgjering av tilskodarar. Den er ikkje meint som reklame for økologisk bruk. Den set kun spørsmål ved dei vala me tar som forbrukarar.
I denne utstillinga får du sjå det vakre og det abstrakte, men og det ubehaglege i det som blir for nært og vakkert. Me får sjå det me ofte ikkje tenker på, ikkje ser – eller ikkje likar å sjå; dei frie fuglane som vert ufrie og gjort usynlege i møte med menneske.

Det som er anonymt og litt fjernt kan me lett forhalda oss til. Det er vakkert og behageleg. Når fuglemassen eller flokken derimot vert malt ut, sluttar fuglane å være ein anonym masse, dei blir til uttrykksfulle og vakre enkeltindivid. Då oppstår problemet: Dei vakre og skjøre fuglane er ei kilde til mat for menneska. Me et dei. Når me skjønar at det er mat me ser, vert nærleiken vanskeleg. Det som finnes, men som me ikkje vil sjå og ta ansvar for, har eit politisk bodskap og me kan spørje oss; Korleis forhalda oss til dyrevelferd? Er me villige til å ta konsekvensar av vårt forbruk? Når fuglane er fjerne, er det lett, når dei rykker nærmare, blir det langt vanskelegere å forsvare forbruksval me kanskje har tatt i lang tid. Vidare kan den anonyme massen versus enkeltindividet også forståast i andre samanhengar. Korleis ser me på menneske på flukt? Dei er mange, me får bilete frå overfylte båtar, strender og leirar. Me klarer ikkje å ta inn over oss mengda, men når enkeltindividet står fram får me eit moralsk dilemma. Korleis skal me handla no?

Nettside: Els Geelen
                Konsvinger Kunstforening
23.09.2019