Soeda-Vognhallen-seperatutstilling-mars2019-skjerm

Åse Berit Skeie Ulltang opnar utstilling 23. mars i Vognhallen i Os sentrum



VELKOMEN til opning kl. 13
«NYE LANDSKAP» Måleri/Collage av Hanji (Koreansk handlaga papir)
Åse Berit Skeie Ulltang

Tittelen på utstillinga reflekterer at eg nyleg har kome heim etter fem år i Sør-Korea. «Nye landskap» handlar både om ei reise på det ytre og på det indre plan, der inntrykka og opplevingane frå åra i søraust-Asia har sett sitt preg på mitt kunstuttrykk.

Gjennom kurs i tradisjonell koreansk måleteknikk på rispapir, og kurs i å lage bruksgjenstandar av hanji (koreansk handlaga papir), vart eg kjend med eit materiale som tiltalte meg spontant. Det koreanske papiret er laga av den inste barken til det koreanske morbærtreet, og står i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Det heiter at silke kan vare i 500 år, mens hanji varar i 1000 år.

Framleis er det nokre få personar som tek vare på dette handverket, og for meg er eit ark hanji eit kunstverk i seg sjølv. Det er med stor respekt eg nyttar papiret i mine måleri/collage. Det skjøre men samstundes sterke papiret med sin sanselege og særeigne tekstur, har gitt bileta mine eit nytt uttrykk.

For eitt år sidan vart eg invitert av eit samtidskunstgalleri i Korea, Gallery Geoje, til å ha soloutstilling, og arbeida mine vart svært godt motteke. Det resulterte i to utstillingar til i Sør-Korea før eg flytta heim. No gler eg meg til å formidla litt av inntrykka mine her heime i Os.

Arne Mæland, styreleiar i Os kulturutvikling ynskjer velkomen
Ingebjørg E. Astrup, kunsthistorikar og tidlegare fylkeskultursjef held opningstale
Musikkinnslag av elevar frå Kongshaug
 
Beste helsing
Åse Berit Skeie Ulltang
www.soeda.no
 
20.03.2019