Siri_Kvalfoss_port-3

Siri Kvalfoss skal laga ordførarkjede

Gullsmeden sitt forslag vann tevlinga om ordførarkjede for nye Ullensvang kommune.
Harding Puls-medlem Siri Øvsthus Kvalfoss sitt forslag vart føretrekt i tevlinga om nytt ordførarkjede i Ullensvang kommune. Dei tre tidlegare kommunane Jondal, Ullensvang og Odda er slege saman til ein, og i det høvet vart det utlyst eit oppdrag om å levera nytt ordførarkjede. Gullsmed Kvalfoss, busett i Tyssedal, er svært glad og beæra over å verta valgd til jobben.

- Ledda i ordførarkjedet skal m.a. syna ulike symbol som representerer dei tidlegare tre kommunane, som turbinhjul, eple, moreller, båt og helleriss, fortel Kvalfoss til Hardanger Folkeblad her (krev innlogging).

Foto: Agurtxane Concellon (arkiv).
09.01.2021