Jordal%202

Ingerid Jordal si virtuelle fotoutstilling "Den amerikanske draumen om Norge" - frå 15. april 2020

Visuelle fotoutstillinga "Den amerikanske draumen om Norge" frå fotografen Ingerid Jordal  knyttar utvandringshistoria opp mot dagens samfunn og det føreståande amerikanske presidentvalet i 2020.

Utstillinga var meint å opna på Vestnorsk utvandringssenter på Radøy i april. På grunn av korona-situasjonen er utstillinga omgjort til ei virtuell visning, der du kan sjå bileta hengja i det gamle rådhuset og fengselet frå byen Elizabeth i Minnesota, som står på Radøy. Klikk inn på www.draumenomnorge.no frå 15. april kl 12.
Utstillinga er meint å turnera til Norsk utvandremuseum på Ottestad i juni. Dersom opning framleis er umogleg vil også denne få ein digital versjon.

 Den amerikanske draumen om Norge tek utgangspunkt i korleis unge vaksne norskamerikanarar i Seattle ser på si eiga avstamming og identitet. Kva har Norge å seie for dei i dag? Korleis er unge menneske knytt til ei arv og ei fortid som er så "fjern"-både i tid og stad? Seattle var ein av stadene mange nordmenn busette seg i den siste bølga av utvandring frå Norge-som varte heilt fram til 60-talet. Mykje har forandra seg sidan nordmenn i hundretusener drog over havet til det lova landet Amerika, og etter at Norge fann olja har det meste av utvandringa stansa. Forfedrene til dei som er intervjua utvandra frå eit relativt fattig Norge, i håp om å finna noko betre. No er levestandarden i USA lågare enn i Norge. Korleis påverker dette "lengselen etter Norge" hjå unge norskamerikanarar?
 
Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt ord.

www.draumenomnorge.no
www.ingeridjordal.no
 

 
06.04.2020